Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 12:4-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei; han slo dei i hovudet og spotta han.

5. Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei.

6. No hadde han ein einaste att, son sin, som han heldt så av. Til sist sende han sonen til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for.

7. Men vindyrkarane sa til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår.

8. Så tok dei han og slo han i hel og kasta han ut or vingarden.

9. Kva skal no vingardsherren gjera? Han skal koma og gjera ende på desse paktarane og la andre få vingarden.

10. Har de ikkje lese dette ordet i Skrifta:Den steinen bygningsmennene ¬vraka,har vorte hjørnestein.

11. Det er Herrens eige verk,underfullt er det i våre augo.»

12. Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg.

13. Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord.

14. Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skil på folk, men lærer i sanning Guds veg: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi gjera det, eller skal vi la vera?»

15. Men Jesus merka hyklarskapen deira og sa til dei: «Kvifor set de meg på prøve? Kom med ein denar, og lat meg få sjå han!»

16. Dei gav han ein, og han spurde: «Kven sitt bilete og namn er dette?» «Keisarens,» svara dei.

17. Då sa Jesus til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» Og dei undra seg svært over han.