Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 12:25-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og vert ikkje bortgifte; dei er som englane i himmelen.

26. Men at dei døde står opp, det har de vel lese om i Moseboka? I forteljinga om klungeren seier Gud til Moses: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.

27. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De tek heilt i miss.»

28. Ein skriftlærd som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han og spurde: «Kva for eit bod er det fyrste av alle?»

29. Jesus svara: «Dette er det fyrste bodet: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin;

30. og du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.

31. Det andre er dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Noko større bod enn desse finst ikkje.»

32. Den skriftlærde sa til han: «Vel tala du, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han.

33. Å elska han av heile sitt hjarta og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og andre offer.»

34. Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til han: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.

35. Ein gong medan Jesus lærte på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son?

36. For sjølv seier David, driven av Den Heilage Ande:Herren sa til min herre:Set deg ved mi høgre handtil eg får lagt dine fiendarunder dine føter.

37. Når David kallar Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?»Den store folkehopen høyrde gjerne på Jesus.

38. Og medan han lærte dei, sa han: «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget.

39. Dei vil sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod.