Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 11:17-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Og han lærte dei: «Står det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folkeslag? Men de har gjort det til ei røvarhole.»

18. Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista finna ei råd til å få rudt han or vegen. For dei var redde han, av di heile folket var gripe av læra hans.

19. Då det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane hans ut or byen.

20. Tidleg om morgonen gjekk dei framom fikentreet, og då fekk dei sjå at det hadde turka radt ifrå rota.

21. Peter kom i hug det som hadde hendt, og sa til Jesus: «Rabbi, sjå fikentreet som du bannstøytte! Det har turka.»

22. Men Jesus svara dei: «Ha tru til Gud!

23. Sanneleg, det seier eg dykk: Om nokon seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, og han ikkje har tvil i hjarta, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå som han vil.

24. Difor seier eg dykk: Alt det de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det.