Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 11:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då dei var komne til Betfage og Betania ved Oljeberget og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to av læresveinane i veg

2. og sa til dei: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk! Med det same de kjem inn der, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete menneske på. Den skal de løysa og koma hit med.

3. Og er det nokon som spør: Kva er det de gjer? då skal de svara: Herren har bruk for han, og sender han straks attende.»

4. Så gjekk dei og fann folen; han stod bunden ute i gata attmed ei dør, og dei løyste han.

5. Nokre som stod der, sa til dei: «Kva er det de gjer? Løyser de folen?»

6. Dei svara så som Jesus hadde sagt, og då fekk dei gå.

7. Så kom dei til Jesus med folen og la kappene sine på han, og Jesus sette seg oppå.

8. Mange breidde kappene sine på vegen, andre strøydde lauvgreiner som dei hadde hogge ute på markene.

9. Og dei som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:Hosianna!Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn!

10. Velsigna vere vår far ¬Davids rike som kjem!Hosianna i det høgste!

11. Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp på tempelplassen. Der såg han seg ikring alle stader, men då det tok til å kvelda, drog han ut til Betania med dei tolv.

12. Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten.

13. Langt borte såg han eit fikentre med lauv på; han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna frukt på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv; for det var ikkje tid for fiken.

14. Då sa han til treet: «Aldri meir skal nokon eta frukt av deg.» Og det høyrde læresveinane hans.

15. Då dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å jaga ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,

16. og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen.