Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 10:2-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve.

3. «Kva har Moses bode?» sa Jesus.

4. Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmålsbrev og senda henne frå seg.»

5. Då sa han til dei: «Fordi hjarto dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet.

6. Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei til mann og kvinne.

7. Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si,

8. og dei to skal vera eitt. Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt.

9. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»

10. Då dei var komne i hus att, spurde læresveinane han om dette.

11. Han sa til dei: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna, gjer seg skuldig i ekteskapsbrot mot den fyrste.

12. Og om ei kvinne skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, bryt ho ekteskapet.»

13. Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei; men læresveinane ville visa dei bort.

14. Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje; for Guds rike høyrer slike til.

15. Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»

16. Så tok han dei i fanget, la hendene på dei og velsigna dei.

17. Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?»