Bibelen 1978-85 Nynorsk

Markus 10:16-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Så tok han dei i fanget, la hendene på dei og velsigna dei.

17. Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?»

18. Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Berre éin er god – det er Gud.

19. Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt. Du skal ikkje eigna til deg noko med svik. Du skal æra far din og mor di.»

20. Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.»

21. Då såg Jesus på han og fekk han kjær. Og han sa: «Eitt vantar deg: Gå bort og sel alt det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!»

22. Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sturen bort, for han var svært rik.

23. Då såg Jesus ikring seg og sa til læresveinane sine: «Kor vanskeleg det vert for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike.»

24. Læresveinane stokk til då han sa det. Men Jesus tok til ords att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike for dei som set sin lit til rikdom.

25. Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

26. Då vart dei reint forfærde og sa til kvarandre: «Kven kan då verta frelst?»

27. Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud. Alt er mogeleg for Gud.»

28. Då tok Peter til ords og sa: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg?»