Bibelen 1978-85 Nynorsk

Malaki 3:13-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. De talar harde ord mot meg, ¬seier Herren.Og likevel spør de:«Kva er det vi har sagt ¬mot deg?»

14. De seier:«Det er fåfengt å dyrka Gud.Kva vinning har vi hattav at vi retta oss etter det ¬han har fastsett,og gjekk botskledde ¬for Herren, Allhærs Gud?

15. Men no vil vi prisa ¬dei frekke sæle,for dei gjer det vonde, ¬men det går dei vel,dei freistar Gud ¬og slepp likevel unna.»

16. Dei som har age for Herren, ¬tala då saman,og Herren lydde etter ¬og høyrde kva dei sa.Hjå han vart det skrive ¬ei minnebokom dei som ottast Herren ¬og ærar hans namn.

17. Den dagen eg gjer mitt verk,seier Herren, Allhærs Gud,skal dei vera min eigedom,og eg vil vera mild mot dei,liksom ein mann er mildmot son sin som tener han.

18. Då skal de atter sjå skilpå rettferdige og gudlause,på dei som dyrkar Gud,og dei som ikkje dyrkar han.