Bibelen 1978-85 Nynorsk

Malaki 3:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sjå, eg sender ¬min bodberar,han skal rydja vegen ¬for meg.Brått kjem han til sitt tempel,Herren som de leitar etter.Sjå han kjem, ¬engelen for paktasom de stundar etter,seier Herren, Allhærs Gud.

2. Men kven kan tola ¬den dagen han kjem,kven kan stå seg ¬når han syner seg?For han er lik elden ¬som smeltaren brukar,lik luten ¬som vaskarane reinsar med.

3. Han skal sitja ¬og smelta og reinsa sølvet.Han skal reinsa levittane,reinsa dei som gull og sølv,så dei kan bera fram for Herrenoffergåver på rett vis.

4. Då skal Herren gleda segover offergåvene ¬frå Juda og Jerusalemsom i eldgamle dagar, ¬i framfarne år.

5. Eg kjem til dykk og held dom.Eg skundar meg å vera vitnemot dei som driv ¬med trolldom,mot dei som bryt ekteskapet,mot dei som gjer rang eid,og mot dei som held att løna ¬for leigekaren,er harde med enkjer ¬og farlauseog rengjer retten ¬for innflyttaren,men ikkje har age for meg,seier Herren, Allhærs Gud.

6. Eg, Herren, ¬har ikkje forandra meg,og de, Jakobs søner, ¬er støtt dei same.

7. Heilt frå dykkar fedrars tidhar de vike av ¬frå mine føresegnerog ikkje halde dei.Vend tilbake til meg,så skal eg venda meg til dykk,seier Herren, Allhærs Gud.Men de spør: «Korleis ¬skal vi venda tilbake?»

8. Kan eit menneske røva noko ¬frå Gud?For de svik meg, ¬men spør likevel:«Kva er det vi har røva ¬frå deg?»Tienda og avgiftene!

9. Forbanning kviler over dykk ¬som svik meg,det gjeld heile folket.

10. Kom med heile tienda ¬til forrådshuset,så det kan finnast mat ¬i mitt hus,og prøv meg på denne måten,seier Herren, Allhærs Gud.Då skal eg opna ¬himmelens lukerog renna ut over dykkvelsigning i rikt mål.

11. Eg vil skræma grashoppene ¬bort frå dykk,så dei ikkje øydelegg grøda ¬på marka;frukta skal ikkje slå feilpå vintrea i hagen,seier Herren, Allhærs Gud.

12. Då skal alle folkeslag ¬prisa dykk sæle,for då har de eit ynskeland,seier Herren, Allhærs Gud.

13. De talar harde ord mot meg, ¬seier Herren.Og likevel spør de:«Kva er det vi har sagt ¬mot deg?»

14. De seier:«Det er fåfengt å dyrka Gud.Kva vinning har vi hattav at vi retta oss etter det ¬han har fastsett,og gjekk botskledde ¬for Herren, Allhærs Gud?