Bibelen 1978-85 Nynorsk

Malaki 2:8-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Men de har vike av frå vegenog fått mange til å fallamed den rettleiing ¬de har gjeve.Levi-pakta har de brote,seier Herren, Allhærs Gud.

9. Difor har eg gjort dykk ¬vanvørdeog små for heile folket,for de aktar ikkje ¬på mine vegar,men gjer skil på folknår de gjev rettleiing ¬om min vilje.

10. Har vi ikkje alle same far,den eine Gud ¬som har skapt oss?Kvifor er vi då trulause ¬mot kvarandreog vanhelgar våre fedrars pakt?

11. Juda har bore seg trulaust åt,stygge ting har dei gjorti Israel og Jerusalem.Ja, Juda har vanhelgaden heilagdomen ¬Herren elskar,og gift seg med ei kvinnesom dyrkar framande gudar.

12. Gjev Herren må rydja ut ¬or Jakobs teltkvar ætling av den ¬som gjer slikt,jamvel om han ber fram ¬offergåvertil Herren, Allhærs Gud.

13. Og dette er det andre de gjer:De dekkjer Herrens altarmed tårer, gråt og sukkar.Men han vil ikkje lenger sjå ¬på gåvaeller ta imot dykkar offer ¬med glede.

14. Og de spør: «Kvifor?»Fordi Herren er vitne i sakamellom deg ¬og din ungdoms kone.Du har vore utru mot henne,endå ho er ektemaken dinsom du er bunden til med pakt.

15. Er det ikkje éin ¬som har skapt hennebåde med lekam og ånd?Og kva vil så den eine ha?Born som høyrer Gud til.Så akta dykk vel i sjel og hug!Ver ikkje utru ¬mot din ungdoms kone!

16. Eg vil ikkje vita av skilsmål,seier Herren, Israels Gud,og at nokon sveiper ¬sin klednad med valdsferd,seier Herren, Allhærs Gud.Så akta dykk vel i sjel og hugat de ikkje er trulause.