Bibelen 1978-85 Nynorsk

Malaki 1:5-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. De skal sjå det med eigne augo ¬og seia:«Herrens velde ¬når ut over Israels grenser.»

6. Ein son ærar far sin,og ein træl har age ¬for herren sin.Men er eg far, ¬kvar er då mi ære,og er eg herre, ¬kvar er då agen for meg?seier Herren, Allhærs Gud, ¬til dykk,de prestar ¬som vanvørder mitt namn.De spør: «Korleis vanvørder vi ¬ditt namn?»

7. Jau, de ber fram urein mat ¬på mitt altar.De spør: «Korleis har vi krenkt ¬din reinleik?»Jau, de seier: «Herrens bord ¬er lite å vørda.»

8. Når de vil ofra eit blindt dyr,er ikkje det gale?Når de kjem med eit dyr ¬som er halt eller sjukt,er ikkje det gale?Kom med slikt ¬til statthaldaren din!Trur du han vil synast om degeller ta vel imot deg?seier Herren, Allhærs Gud.

9. Men no, ¬prøv å vinna Guds velvilje,så han kan vera nådig mot oss.Når de har gjort slikt,kan han då syna godhug ¬for dykk?seier Herren, Allhærs Gud.