Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 9:17-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.

18. Ein gong han var åleine og bad, og berre læresveinane var med han, spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?»

19. «Døyparen Johannes,» svara dei, «men somme seier Elia, og andre at ein av dei gamle profetane har stått opp att.»

20. «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Guds Messias.»

21. Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.

22. Og han sa: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tredje dagen skal han stå opp att.»

23. Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg.

24. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det.

25. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne?

26. For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane.

27. Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»

28. Ikring åtte dagar etter at han hadde tala desse orda, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet og ville be.

29. Og medan han bad, fekk andletet hans ein annan utsjånad, og kleda hans vart skinande kvite.

30. Brått stod det to menn og tala med han; det var Moses og Elia.

31. Dei synte seg i herlegdom og tala med han om den utgangen livet hans skulle få i Jerusalem.