Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 9:11-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Men folk fekk vita det og fylgde etter. Han tok imot dei og tala til dei om Guds rike, og han lækte dei som lækjedom trong.

12. Då det leid mot kveld, kom dei tolv til han og sa: «Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og gardane her ikring. Der kan dei finna hus og få seg eitkvart å eta. For her er vi på ein øydestad.»

13. «Gjev de dei mat!» svara Jesus. «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar,» sa dei, «om vi då ikkje sjølve skal gå og kjøpa mat til alt dette folket.»

14. Det var samla om lag fem tusen menn. Då sa han til læresveinane: «Lat dei setja seg i flokkar på femti.»

15. Det gjorde dei, og lét alle setja seg.

16. Så tok han dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og velsigna dei. Og han braut dei og gav dei til læresveinane, så dei skulle dela ut til folket.

17. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, og det vart tolv korger.

18. Ein gong han var åleine og bad, og berre læresveinane var med han, spurde han dei: «Kven seier folk at eg er?»

19. «Døyparen Johannes,» svara dei, «men somme seier Elia, og andre at ein av dei gamle profetane har stått opp att.»

20. «Og de,» spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Guds Messias.»

21. Men det forbaud han dei strengt å seia til nokon.

22. Og han sa: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tredje dagen skal han stå opp att.»

23. Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg.