Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 7:5-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. for han er glad i folket vårt, og det er han som har bygt synagoga vår.»

6. Og Jesus gjekk med dei.Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er for ring til at du stig inn under mitt tak;

7. difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att!

8. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.»

9. Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som fylgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.»

10. Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.

11. Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han.

12. Då han kom nær innåt byporten, vart ein ung mann boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne.

13. Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: «Gråt ikkje!»

14. Han gjekk bortåt og la handa på båra. Og dei som bar, stogga. Så sa han: «Unge mann, eg seier deg: Stå opp!»

15. Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans.

16. Då vart alle fylte av age; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.»

17. Og gjetordet om dette kom ut i heile Jødeland og landet ikring.

18. Alt dette fekk Johannes høyra om av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg

19. og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

20. Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»