Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 7:44-50 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

44. Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho vætte dei med tårer og turka dei med håret sitt.

45. Du helsa meg ikkje velkomen med ein kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn.

46. Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med den dyraste salve.

47. Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor er det ho syner så stor kjærleik. Men den som lite får tilgjeve, elskar lite.»

48. Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.»

49. Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som jamvel tilgjev synder?»

50. Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå med fred!»