Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 7:37-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

37. No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus var gjest hjå farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve

38. og vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyste dei og smurde dei med salven.

39. Då farisearen, som hadde bede han til seg, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»

40. Då tok Jesus til ords og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tala, meister,» svara han.

41. Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti.

42. Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?»

43. «Den han ettergav mest, tenkjer eg,» svara Simon. «Du har rett,» sa Jesus.

44. Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho vætte dei med tårer og turka dei med håret sitt.

45. Du helsa meg ikkje velkomen med ein kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn.

46. Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med den dyraste salve.