Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 7:34-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Menneskesonen er komen, han både et og drikk, og de seier: «Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar!

35. Men Visdomen har fått rett, det stadfester alle hans læresveinar.»

36. Ein av farisearane bad Jesus eta hjå seg. Og han gjekk heim til han og sette seg til bords.

37. No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus var gjest hjå farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve

38. og vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyste dei og smurde dei med salven.

39. Då farisearen, som hadde bede han til seg, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»

40. Då tok Jesus til ords og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tala, meister,» svara han.

41. Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti.