Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 7:2-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Ein offiser der i byen hadde ein tenar som var så sjuk at det stod om livet. Denne tenaren sette han svært høgt.

3. Då han fekk høyra om Jesus, sende han nokre jødar som sat i byrådet, til han; dei skulle be han koma og berga livet åt tenaren.

4. Då dei kom til Jesus, bad dei han inderleg og sa: «Han er vel verd at du gjer dette for han;

5. for han er glad i folket vårt, og det er han som har bygt synagoga vår.»

6. Og Jesus gjekk med dei.Men då han ikkje hadde langt att til huset, sende offiseren nokre av venene sine til han med bod: «Herre, gjer deg ikkje meir bry! Eg er for ring til at du stig inn under mitt tak;

7. difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att!

8. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.»

9. Då Jesus høyrde det, undra han seg. Han vende seg til folket som fylgde han, og sa: «Det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.»

10. Då dei som var utsende, kom heim att, fann dei tenaren frisk.

11. Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han.