Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 7:15-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans.

16. Då vart alle fylte av age; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.»

17. Og gjetordet om dette kom ut i heile Jødeland og landet ikring.

18. Alt dette fekk Johannes høyra om av læresveinane sine. Då kalla han to av dei til seg

19. og sende dei til Herren og bad dei spørja: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

20. Mennene kom då til Jesus og sa: «Døyparen Johannes sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

21. Nett då lækte Jesus mange for sjukdomar og plager og vonde ånder, og mange blinde gav han synet.

22. Og han svara: «Gå og fortel Johannes om det de har sett og høyrt: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp og evangeliet vert forkynt for fattige;

23. og sæl er den som ikkje støyter seg på meg.»

24. Då bodberarane frå Johannes var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden?