1. Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord.
2. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene.
3. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten.