Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 4:36-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

36. Då kom det otte over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.»

37. Og gjetordet om han fór over alle bygdene der ikring.

38. Frå synagoga gjekk Jesus heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne.

39. Han gjekk bort til henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei.

40. Då sola gladde, kom alle til han med sine sjuke, kva sjukdom dei så drogst med. Og han la hendene på kvar einskild av dei og lækte dei.

41. Mange fór det vonde ånder ut or, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias.

42. Då det vart morgon dagen etter, drog han ut or byen og fór til ein øydestad. Folket leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei.

43. Men han sa: «Eg lyt bera fram den glade bodskapen om Guds rike i dei andre byane òg. Det er det eg er send for.»