Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 4:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Då no djevelen hadde freista han med alt dette, heldt han seg borte frå han ei tid.

14. Så fór Jesus attende til Galilea, fylt av den krafta som Anden gav. Og ordet om han kom ut i alle bygdene der ikring.

15. Han lærte folket i synagogene, og alle tala vel om han.

16. Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta,

17. gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18. Herrens Ande er over meg,for han har salva meg ¬til å forkynnaein gledebodskap for fattige.Han har sendt meg for å ropa utat fangar skal få fridom,og at blinde skal få sjå,for å løysa dei trælka or tvang

19. og ropa ut eit nådeår ¬frå Herren.

20. Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han.

21. Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»

22. Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.