Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 24:25-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt!

26. Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?»

27. Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hjå alle profetane.

28. Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger.

29. Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei.