Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 24:16-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att.

17. «Kva er det de går og talar om med einannan?» spurde han. Då stogga dei og såg sorgfulle på han,

18. og den eine av dei, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste som er komen til Jerusalem og ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane.»

19. «Kva då?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket.

20. Men overprestane og rådsherrane våre fekk dømt han til døden og krossfeste han.

21. Vi vona at han var den som skulle fria ut Israel! Og no har det alt gått tre dagar sidan dette hende.

22. Men nokre av kvinnene i flokken vår har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava,

23. men fann ikkje lekamen hans. Dei kom attende og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever.

24. Nokre av våre gjekk då ut til grava, og dei fann det nett så som kvinnene hadde sagt; men han sjølv såg dei ikkje.»

25. Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt!