Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 24:11-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Men dei tenkte det var laust snakk og trudde dei ikkje.

12. Peter stod likevel opp og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han attende til huset der han budde, og han undra seg over det som hadde hendt.

13. Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadier frå Jerusalem,

14. og dei tala med einannan om alt det som hadde hendt.

15. Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei.

16. Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att.

17. «Kva er det de går og talar om med einannan?» spurde han. Då stogga dei og såg sorgfulle på han,

18. og den eine av dei, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste som er komen til Jerusalem og ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane.»

19. «Kva då?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket.