Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 23:49-56 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

49. Men alle venene og kjenningane hans stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde fylgt han frå Galilea.

50. Det var ein rådsherre som heitte Josef; han var ein god og rettvis mann

51. og hadde ikkje vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk. Han var frå Arimatea, ein by i Judea, og var ein av dei som venta på at Guds rike skulle koma.

52. Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu lekam.

53. Og han tok han ned, sveipte han i eit linklede og la han i ei grav som var hogd ut i bergveggen, og som det endå ikkje hadde lege nokon i.

54. Det var helgaftan, nett før sabbaten tok til.

55. Dei kvinnene som hadde vore med han frå Galilea, fylgde etter; dei såg grava og at lekamen hans vart lagd der.

56. Sidan gjekk dei heim og laga til angande olje og salve. På sabbaten heldt dei seg i ro, som lova kravde.