Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 23:35-50 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst,» sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde.»

36. Soldatane òg gjorde narr av han; dei gav han eddikvin

37. og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!»

38. For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»

39. Den eine av brotsmennene som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!»

40. Men den andre tala han til rettes og sa: «Har du ikkje age for Gud, endå du er under same domen?

41. For oss er han rettferdig; vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.»

42. «Jesus,» sa han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!»

43. Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis.»

44. Det var alt kring den sjette timen. Då vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen;

45. for sola hadde svartna. Førehenget i templet rivna midt i to,

46. og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, anda han ut.

47. Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»

48. Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå.

49. Men alle venene og kjenningane hans stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde fylgt han frå Galilea.

50. Det var ein rådsherre som heitte Josef; han var ein god og rettvis mann