Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 23:25-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Han sleppte fri den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men Jesus gav han over til dei, så dei kunne gjera med han som dei ville.

26. Så førte dei han bort. På vegen tok dei fatt på ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne; og dei la krossen på han for at han skulle bera han etter Jesus.

27. Ein stor folkehop fylgde med; mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han.

28. Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar.

29. For det kjem dagar då folk skal seia: Lukkelege er dei barnlause, dei kvinner som ikkje føder og ikkje gjev bryst!

30. Då skal dei seia til fjella: Fall over oss! og til haugane: Gøym oss!

31. For fer dei slik åt med det grøne treet, korleis skal det då gå med det turre?»

32. To andre, to brotsmenn, vart òg førte bort saman med Jesus og skulle lata livet.

33. Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og brotsmennene, den eine på høgre sida hans, og den andre på venstre.

34. Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.

35. Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst,» sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde.»

36. Soldatane òg gjorde narr av han; dei gav han eddikvin

37. og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!»