Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 23:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då reiste dei seg, alle saman, og førte han til Pilatus.

2. Der tok dei til å føra klagemål mot han. Dei sa: «Vi har funne ut at denne mannen fører folket vårt på avveg: Han forbyd å gje keisaren skatt, og seier at han er Messias, ein konge.»

3. Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus.

4. Då sa Pilatus til overprestane og folket: «Eg finn inga skuld hjå denne mannen.»

5. Men dei tok sterkare i: «Han eggjar opp folket i heile Judea med læra si; han tok til i Galilea, og no er han komen heilt hit.»

6. Då Pilatus høyrde det, spurde han om mannen var frå Galilea,

7. og då han fekk vita at han høyrde under Herodes, sende han Jesus til han; for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane.

8. Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge hatt hug å møta han. No gjorde han seg von om å få sjå Jesus gjera eit teikn.

9. Han spurde han om mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord.

10. Overprestane og dei skriftlærde stod der og kom med sterke klagemål mot han.

11. Og Herodes vanvørde han og gjorde narr av han saman med soldatane sine. Så la han ei staseleg kappe om han og sende han attende til Pilatus.