Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 22:64-71 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

64. Dei batt for augo hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?»

65. Og dei håna han på mange andre måtar òg.

66. Då det vart dag, kom eldsterådet åt folket saman til møte med overprestane og dei skriftlærde. Jesus vart ført fram for dei,

67. og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier dykk det, trur de meg ikkje,

68. og om eg spør, svarar de ikkje.

69. Men heretter skal Menneskesonen sitja ved høgre handa åt den mektige Gud.»

70. Då spurde dei alle: «Så er du då Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.»

71. Då sa dei: «Kva skal vi no med vitnemål? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.»