Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 22:29-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg:

30. De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israels-ættene.

31. Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite.

32. Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.»

33. «Herre,» sa Peter, «med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.»

34. Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»

35. Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pung eller skreppe eller skor, vanta de då noko?» «Nei, ingen ting,» svara dei.

36. «Men no,» sa han, «må den som har pung, ta han med, og like eins den som har skreppe; og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit.

37. For eg seier dykk at det lyt oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna mellom brotsmenn. For det som er fastsett om meg, skal no henda.»

38. Då sa dei: «Herre, sjå her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.

39. Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han hadde for vane, og læresveinane fylgde han.

40. Då han kom dit, sa han til dei: «Bed at de ikkje må koma i freisting!»

41. Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad:

42. «Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»

43. Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han.

44. Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda.

45. Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg.