Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 22:18-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»

19. Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.»

20. Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.

21. Men sjå, han som svik meg, held handa si på bordet saman med meg.

22. Menneskesonen går nok bort, som det er fastsett, men ve det mennesket som svik han!»

23. Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.

24. No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største.

25. Då sa Jesus til dei: «Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar.

26. Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren.

27. For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk.

28. De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine.

29. Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg:

30. De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israels-ættene.

31. Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite.

32. Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.»

33. «Herre,» sa Peter, «med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.»

34. Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»

35. Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pung eller skreppe eller skor, vanta de då noko?» «Nei, ingen ting,» svara dei.

36. «Men no,» sa han, «må den som har pung, ta han med, og like eins den som har skreppe; og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit.

37. For eg seier dykk at det lyt oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna mellom brotsmenn. For det som er fastsett om meg, skal no henda.»

38. Då sa dei: «Herre, sjå her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.