Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 22:11-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. og så skal de seia til han som eig huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?

12. Då skal han syna dykk ein sal ovanpå med benker og puter. Der skal de stella til.»

13. Så gjekk dei og fann det så som han hadde sagt, og dei stelte til påskemåltidet.

14. Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han.

15. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida.

16. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.»

17. Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk.

18. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»

19. Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.»

20. Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.

21. Men sjå, han som svik meg, held handa si på bordet saman med meg.

22. Menneskesonen går nok bort, som det er fastsett, men ve det mennesket som svik han!»

23. Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.