Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 22:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. No leid det til usyrdebrødshelga, som dei òg kallar påske.

2. Overprestane og dei skriftlærde leita etter eit høve til å rydja Jesus or vegen, for dei var redde folket.

3. Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og var ein av dei tolv.

4. Han gjekk av stad og tala med overprestane og hovdingane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus i deira hand.

5. Dei vart glade og lova å gje han pengar.

6. Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus ein gong han ikkje hadde folket ikring seg.

7. Så kom den dagen i usyrdebrødshelga då påskelammet skulle slaktast.

8. Då sende Jesus Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og stell til for oss, så vi kan halda påskemåltid.»

9. «Kvar vil du vi skal stella det til?» spurde dei.