Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 21:12-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk, gje dykk over til domstolen i synagogene og kasta dykk i fengsel; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.

13. Då skal de få vitna for dei.

14. Legg dykk på minne at de ikkje treng tenkja ut føreåt korleis de skal svara for dykk.

15. Eg skal gje dykk ord og visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg for eller seia imot.

16. Jamvel foreldre og sysken, skyldfolk og vener skal svika dykk og valda nokre av dykk døden.

17. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.