Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 21:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista.

2. Då la han merke til ei fattig enkje som la to småmyntar.

3. Og han sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre.

4. For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt ho hadde å leva av.»

5. Det var nokre som tala om templet, kor fint det var prydd med fagre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus:

6. «Det kjem ein dag då det de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»

7. Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?»

8. Han svara:Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg», og: «Tida er nær». Fylg ikkje etter dei!

9. Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skræma! For fyrst må dette henda; men enden kjem ikkje straks.