Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 2:41-52 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

41. Kvart år fór foreldra åt Jesus til Jerusalem for å halda påske.

42. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida.

43. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart Jesus-barnet verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det.

44. Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og fór ei dagsreis fram og leita etter han mellom skyldfolk og kjenningar.

45. Som dei no ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der.

46. Tre dagar etter fann dei han i templet. Der sat han midt imellom lærarane og lydde på dei og spurde dei.

47. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor vitug han var og kor godt han svara.

48. Då foreldra fekk sjå han, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sa: «Korleis kunne du gjera dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.»

49. Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min?»

50. Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.

51. Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt.

52. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom, og var til hugnad for Gud og menneske.