Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 2:34-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel, og til eit teikn som vert motsagt.

35. Såleis skal dei tankar mange hyser i hjarta, koma fram i dagen. Men gjennom di sjel skal det òg gå eit sverd.»

36. Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta. Ho var langt oppi åra. I sin ungdom var ho gift i sju år,

37. og sidan hadde ho vore enkje; og no var ho åttifire år. Ho var aldri borte frå templet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag.

38. I denne stunda kom ho fram og lova Gud; og ho tala om barnet til alle som venta på frelse for Jerusalem.

39. Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret.

40. Og guten voks og vart sterk; han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.

41. Kvart år fór foreldra åt Jesus til Jerusalem for å halda påske.