Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 2:3-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

4. Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt,

5. og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn.

6. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,

7. og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.

8. Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta.

9. Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde.

10. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket.

11. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren.