Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 2:24-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.

25. I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudleg mann som venta på Israels trøyst. Den Heilage Ande var over han,

26. og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle døy før han hadde fått sjå den Herren hadde salva.

27. No kom han opp til templet; det var Anden som dreiv han. Og då foreldra kom med Jesus-barnet for å gjera med det som skikk og bruk var etter lova,

28. tok Simeon barnet i armane sine, lova Gud og sa:

29. Herre, no lèt du tenaren din ¬fara herifrå i fred,etter ditt ord.