Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 2:14-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. «Ære vere Gud i det høgste,og fred på jordablant menneske ¬som Gud har hugnad i!»

15. Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.»

16. Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.

17. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.

18. Alle som høyrde på, undra seg over det gjætarane fortalde.

19. Men Maria gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det.

20. Og gjætarane vende attende, medan dei lova og prisa Gud for det dei hadde høyrt og sett; alt var så som det hadde vorte sagt dei.

21. Då åtte dagar var lidne og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt før han var komen i mors liv.

22. Då reinsingstida som Moselova føreskriv, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.

23. For det står skrive i Herrens lov: Alt fyrstefødt av hankjønn skal helgast til Herren.

24. Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.