Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 19:38-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. «Velsigna i Herrens namnvere kongen, han som kjem!Fred i himmelenog ære i det høgste!»

39. Nokre farisearar som var med i folkemengda, sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rettes!»

40. Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.»

41. Då Jesus kom nærare og såg byen, gret han over han

42. og sa: «Hadde du berre visst, du òg, på denne dagen kva som tener til din fred! Men no er det dult for augo dine.

43. Det skal koma dagar då fiendane dine kastar opp ein voll rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar.

44. Dei skal slå deg til jorda, og folket ditt med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna di gjestings tid.»

45. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å jaga ut dei som dreiv handel der.

46. Og han sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de har gjort det til ei røvarhole.»