Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 19:10-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. og Menneskesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.»

11. Medan dei høyrde på dette, fortalde Jesus endå ei likning; for han var nær Jerusalem, og mange meinte at Guds rike snart skulle koma til syne.

12. Han sa:Det var ein gong ein høgætta mann som ville fara til eit land langt borte; der skulle han verta innsett til konge og så koma heim att.

13. Han kalla til seg ti av tenarane sine og gav kvar av dei eitt pund og sa til dei: «Driv handel med desse pengane til eg kjem att.»

14. Men landsmennene hans hata han, og dei lét sendemenn fara av stad etter han og seia: «Vi vil ikkje ha denne mannen til konge over oss.»

15. Då han no kom att og hadde vorte konge, kalla han til seg dei tenarane som hadde fått pengane, så han kunne få vita kor mykje dei hadde tent.

16. Den fyrste kom fram og sa: «Herre, det pundet du gav meg, har kasta av seg ti pund.»

17. «Det var rett, du gode tenar,» sa kongen. «Fordi du har vore tru i lite, skal du få styra ti byar.»

18. Den andre kom og sa: «Herre, det pundet du gav meg, har gjeve fem pund.»

19. Til han sa kongen: «Du skal få styra fem byar.»

20. Men så kom det ein og sa: «Herre, sjå her er pundet ditt! Eg har hatt det liggjande i ein klut.

21. Eg var redd deg, for du er ein streng mann, som tek ut det du ikkje har sett inn, og haustar det du ikkje har sått.»

22. Då sa kongen: «Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek ut det eg ikkje har sett inn, og haustar det eg ikkje har sått.

23. Kvifor gav du ikkje pengane til ein som driv med utlån, så eg kunne få dei att med renter når eg kom heim?»

24. Så sa han til dei som stod der: «Ta pundet frå han og gjev det til han som har dei ti!»

25. «Herre, han har då ti pund,» sa dei.