Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 19:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så kom Jesus til Jeriko og fór gjennom byen.

2. Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik.

3. Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten på vokster.

4. Då sprang han i førevegen og kleiv opp i eit morbærtre, så han kunne få sjå han, for der laut han koma framom.

5. Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg ta inn i ditt hus.»

6. Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede.

7. Alle som såg det, murra og sa: «Han tek inn hjå ein syndig mann.»

8. Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, helvta av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg firdobbelt att.»

9. Då sa Jesus: «I dag er frelse komen til dette huset. For han òg er ein Abrahams son,

10. og Menneskesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.»

11. Medan dei høyrde på dette, fortalde Jesus endå ei likning; for han var nær Jerusalem, og mange meinte at Guds rike snart skulle koma til syne.

12. Han sa:Det var ein gong ein høgætta mann som ville fara til eit land langt borte; der skulle han verta innsett til konge og så koma heim att.

13. Han kalla til seg ti av tenarane sine og gav kvar av dei eitt pund og sa til dei: «Driv handel med desse pengane til eg kjem att.»

14. Men landsmennene hans hata han, og dei lét sendemenn fara av stad etter han og seia: «Vi vil ikkje ha denne mannen til konge over oss.»