Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 17:26-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.

27. Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom flaumen og gjorde ende på dei alle.

28. Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde.

29. Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle.

30. På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.

31. Er det nokon oppe på taket den dagen, og har sakene sine nede i huset, må han ikkje gå ned og henta dei, og den som er ute på marka, må ikkje gå heim att.

32. Kom i hug kona åt Lot!

33. Den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser det, skal vinna det.

34. Eg seier dykk: Den natta skal det liggja to i ei seng; den eine skal hentast, den andre setjast att.

35. To kvinner skal mala på same kverna; den eine skal hentast, den andre setjast att.