Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 17:2-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Det var betre for han at det låg ein kvernstein om halsen på han, og han var kasta i havet, enn at han skulle forføra ein av desse små.

3. Ta dykk i vare!Syndar bror din, så tal han til rettes, og angrar han, så tilgjev han.

4. Ja, om han syndar mot deg sju gonger same dagen og sju gonger kjem til deg og seier: Eg angrar, så tilgjev han.»

5. Apostlane sa til Herren: «Gjev oss meir tru!»

6. Herren svara: «Hadde de tru som eit sennepsfrø, kunne de seia til dette morbærtreet: Rykk deg opp og slå rot i havet! Og det skulle lyda dykk.

7. Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjæter, seier han då til han når han kjem heim frå marka: Kom no og set deg til bords?

8. Nei, han vil seia: Lag til kveldsmat åt meg, gjer deg så i stand og set fram for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.

9. Takkar han tenaren for at han gjorde det han var føresagd? Eg trur ikkje det.

10. Såleis med dykk òg. Når de har gjort alt det de var føresagde, skal de seia: Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skyldnaden vår.»

11. Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea.

12. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna

13. og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!»

14. Då Jesus fekk sjå dei, sa han: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine.