Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 16:3-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Mannen tenkte: «Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Grava orkar eg ikkje, og eg skjemmest ved å tigga.

4. Jau, no veit eg kva eg vil gjera så dei skal ta meg til seg når eg vert avsett.»

5. Så kalla han til seg skuldmennene åt herren sin, ein for ein, og sa til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?»

6. «Hundre fat olje,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt,» sa hushaldaren, «set deg ned med ein gong og skriv femti.»

7. Så spurde han den neste: «Og du, kor mykje skuldar du?» «Hundre tønner kveite,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti,» sa hushaldaren.

8. Herren rosa den uærlege hushaldaren fordi han hadde fare klokt åt, og han sa: Denne verdsens born er klokare til å stella seg med kvarandre enn ljosens born.

9. Og eg seier dykk: Bruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinna dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.

10. Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort.

11. Er de ikkje ærlege med pengane, som det hefter urett ved, kven vil då lita på dykk og gje dykk den rette rikdomen?

12. Og syner de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga?

13. Ein træl kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

14. Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus.

15. Då sa han til dei:De vil ha folk til å tru at de er rettferdige, men Gud kjenner hjarto dykkar. Det som er stort mellom menneske, er ein styggedom for Gud.

16. Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid har evangeliet om Guds rike vorte forkynt, og alle trengjer seg inn i det med makt.

17. Før skal himmel og jord forgå før ein einaste prikk i lova fell bort.

18. Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, han bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, han bryt ekteskapet.

19. Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag.