Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 16:16-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid har evangeliet om Guds rike vorte forkynt, og alle trengjer seg inn i det med makt.

17. Før skal himmel og jord forgå før ein einaste prikk i lova fell bort.

18. Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, han bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, han bryt ekteskapet.

19. Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag.

20. Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår.

21. Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.

22. Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd.

23. Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans.

24. Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.»

25. Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt.