Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 16:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Jesus sa til læresveinane: Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til han og sa at denne hushaldaren øydde bort det han åtte.

2. Då kalla han hushaldaren til seg og sa: «Kva er det eg høyrer om deg? Gjer rekneskap for styringa di, for du kan ikkje lenger vera hushaldar hjå meg.»

3. Mannen tenkte: «Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Grava orkar eg ikkje, og eg skjemmest ved å tigga.

4. Jau, no veit eg kva eg vil gjera så dei skal ta meg til seg når eg vert avsett.»

5. Så kalla han til seg skuldmennene åt herren sin, ein for ein, og sa til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?»

6. «Hundre fat olje,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt,» sa hushaldaren, «set deg ned med ein gong og skriv femti.»