Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 13:27-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Men han skal svara: «Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!»

28. Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve er kasta utanfor.

29. Og det skal koma folk frå aust og frå vest, frå nord og frå sør og sitja til bords i Guds rike.

30. Og sjå, nokre av dei siste skal verta dei fyrste, og nokre av dei fyrste skal verta dei siste.

31. I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes tenkjer på å drepa deg.»

32. Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet.

33. Men i dag og i morgon og endå ein dag lyt eg vera på vegen, for ein profet kan ikkje lata livet nokon annan stad enn i Jerusalem.

34. Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.

35. Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta. Eg seier dykk: De skal ikkje sjå meg før den dagen de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn.»