Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 13:2-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Då tok Jesus til ords: Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei?

3. Nei, seier eg dykk, men vender de ikkje om, skal de omkomast på same måten alle i hop.

4. Eller dei atten som vart drepne då Siloa-tårnet datt ned, trur de at dei var verre brotsmenn enn alle dei andre som bur i Jerusalem?

5. Nei, seier eg dykk. Men vender de ikkje om, skal de alle døy på same vis.

6. Så fortalde han denne likninga: Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko.

7. Då sa han til gartnaren: «No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og suga ut jorda?»

8. «Herre, lat det få stå i år òg,» svara gartnaren, «så skal eg grava kring det og gjødsla det;